Spinning

                                                
                               

NYTT!  
Sportakus har kjøpt inn: ACTIVIO PULSSYSTEM...

 Genialt verktøy  for både utrente og godt trente.





Artig gruppetrening i spinningsalen og på andre pulstimar!
Activio er eit enkelt og effektivt konsept for å trene pulsbasert i gruppe – individuelt og anonymt. Med ein direkte pulsfeedback får deltakarane ei unik treningsoppleving og verdifull hjelp til å finne riktig individuelt treningsnivå ut frå sine eigne forutsetningar og treningsmål.

 

Du ser din individuelle treningspuls, med anonymt nummer på storskjerm.
Spinningklassen følgjer ein bestemt løypeprofil, vist under klokkene. Då ser du kor lenge du skal vera i dei
ulike sonene, og heile tida kor lang tid du har att av timen.




Korleis

Før timen, loggar deltakarane seg inn via berøringsskjermen som du ser på biletet under. Der angir du din alder eller makspuls, noko som blir brukt til å berekne deltakarane sine individuelle treningssoner.
Dette får du hjelp av instruktøren.

Du får ei brikke med nummer 1-30 av instruktør. Du festar brikka til ein strikk som du festar rundt livet -rett under brystet. Pass på at brikka er inntil kroppen - og ikkje ligg oppå t.d treningsbh.

Strikk er noko alle må kjøpe som vil bruke activio. 
Strikken kan brukast i fleire år og kostar 150 kr.



Kvifor ta  pulsen  (sjå på hjartefrekvensen) når ein trenar?
Ved treninga er det viktig å finne riktig nivå ut frå kva ein vil oppnå, til dømes utvikle hjartet og kroppen sin kapasitet, auke forbrenninga og kaloriforbruket effektivt, eller utvikle muskelstyrken. 

Activio opererer med 5 pulssoner:

Sone 1 (50-60% av maxpuls):

helsegevinst

Sone 2:(60-70% av maxpuls):
Styrkarhjartet, utviklar kapillærårene, auka feittforbrenning,raskare restitusjonstid.

Sone 3: (70-80% av maxpuls):
Auka aerob kapasitet og prestasjon.Styrkarhjartet.


Sone 4:
(80-90% av maxpuls):

Aukarhjartet sin pumpekap, betre lungefunksjon, aukar prestasjonsevna og betre mjølkesyretoleranse.


Sone 5
: (90-100% av maxpuls):

Aukar anaerob kapasitet: musklane sine evner til å jobbe utan tilgang på oksygen.



På biletet under, ser du ei klokke med dei same fargene som beskrive over. 5 farger= 5 pulssoner.
Alle har kvar si anonyme klokke som vist under,på storskjerm.
Ingen veit kva for ei klokke du har- ikkje instruktøren eingong!
På klokka di ser du pulsen og % av maxpuls som du har.
Instruktør kjem til å forklare meir på timane om puls - og trening med puls.



Undervegs i timen:
Instruktør veiledar deg i kva for sone (farge) du skal prøve å liggje til einkvar tid i timen.
Er du heilt nybyrjar, kan du liggja t.d ei farge (ei pulssone) under det instruktøren seier.
DØME: Om  instruktøren seier du skal prøve å jobbe  høgt opp i pulssone gul,
kan du t.d prøve å liggja høgt i pulssone grøn om du ikkje er så godt trent.


Du kan jo spørja kameraten din om nr på klokka di og omvendt - så de kan følgje med på kvarandre -
og pushe kvarandre:) Activio er artig trening for både heilt utrente og godt trente!

Hjartefrekvensen gir ein ærleg, faktisk og direkte informasjon om kor hardt me verkeleg jobbar under timen.
Les meir om Activio

Activio pulssystem blir brukt på alle pulstimar.
Du vel sjølvsagt sjølv om du vil bruke Activio når du trenar!

______________________________________________________________________________



  13 ulike sykkelløyper i Ål kommune blir vist på storkjerm i spinningtimane.


Spinning
 
er sykling til musikk i ulik hastigheit og motstand.
For alle - uansett form og vekt. (Syklane tek opptil 140 kg.)
Du treng ingen koordinasjonsevne for å beherske spinning.
Folk på forskjellige nivå og alder kan trene saman. 
NB: 20 stk pr time.


Spinning
- God feittforbrenning pga tempo er konstant. Ingen kvile i nedoverbakke som ved sykling ute.
- Skadefri - flott for gravide. Sykling ute er det fare for fall
 - Alle nivå kan trene saman utan å bli sykla frå...
- Du treng ingen koordinasjonsevne
- trenar store muskelgrupper: beina, sete spesielt --> bra for forbrenninga. Jo større musklar i aktivitet - desto høgare forbrenning.
- bra hjarte/lungetrening
- Lite belastande - ingen støt
- Svært bra for gravide pga skånsomt for bekken, anklar, kne: utan slag
- Forventa kcal forbruk pr time: hard time= ca4-500 kcal    lett time: ca250-400 kcal
  Hugs at ved trening aukar kvilemetabolismen (energiforbruket i kvile) -  i tillegg til det du forbrenn i sjølve treninga!


Sykkelløyper frå Ål på storskjerm

Det blir vist sykkelløpe som er filma med hjelmkamera frå ulike plassar på Ål med musikk til. Instruktørane  viser sykkelløper frå Ål på dvd,. Det er sjølvsagt alltid  musikk til medan me trenar.

Lurt å ta med til timen: 
Joggesko / sykkelsko 
 joggebukse/shorts/sykkelbukse 
handkle 
2 drikkeflasker


                                                                Instruktørar:

 

       - Karl Fredrik Sjørlie-                     - Sigrun Jorde -                    - Stina Gunhildgard-

 

          Heidi K. Ruud                       Hilde Sørlie Fjellhøi                   Maria Hole Dokken

            Gunnar Haugo

                                Velkommen på trening!

                                       www.sportakus.no

 

 

 

 

 

Velkommen til
SPORTAKUS
- trening for alle -


Ål
i Hallingdal




 

 

 

etter inspirerande musikk.