Her finn du:
Om Sportakus
Om instruktørane
Medlemskontrakt

 


Sportakus


Etter at gruppetreningstilbodet på Ål Kulturhus vart lagt ned i juni 2009, spurde fleire venner og kjente om eg ikkje kunne starte opp att som instruktør i step og styrke.

Etter fleire rundar i "tenkeboksen" kom eg fram til at eg ville starte med gruppetrening. Sportakus vart til i september 2009 - og har idag medlemmar i alle aldrar - frå 12 til godt over 70 år.


Det var fleire gode grunnar til å starte med gruppetrening:
»
Først og fremst: Trene saman med nokon - etter musikk-  gir meg ekstra energi og får meg til å yte litt ekstra.


»Viktig at det finst eit treningstilbod for alle 
– ikkje berre born – men også for vaksne. Det er viktig å halde seg i form.

 

»Arbeidet foregår ikkje lenger med kroppen, men med hovudet.

Stadig fleire har eit einsformig og stillesitjande arbeid. Kroppsmaskineriet er sett ut av drift store delar av arbeidsdagen. Resultatet er belastningsskader på muskulatur og skjelett, og eit fysisk og mentalt ubehag.

 

Målet mitt er å få til eit treningsstudio på Ål, med eige styrktreningsrom, spinningssal og gruppetreningsrom.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

 

Her er litt om meg og min bakgrunn for idrett:

 

NAMN

 

 

         - Stina Gunhildgard, 33 år

UTDANNING &

JOBB

 

            

        - Idrettslinja Gol vidaregåande skule

        - Allmennlærar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

        - Har vore lærarvikar og allmennlærar i ca 13 år

        - Jobbar ved Nedre - Ål skule
       - Grunnkurs fitness, treningsveileder og Personleg trenar
          ved Norges Idrettshøgskole 

 

TRENING            

        - Har jobba som step/styrke instruktør i 6 år
        - Har ulike kurs innan step & styrke 

        - Har A-trenarkurs frå handballen

        - Har hatt "ledelse og instruksjon" som fag  på

           idrettslinja

        - Har vore trenar for jente – og gutelag i både  
          handball og fotball

        - Har trent styrketrening i mange år – og synest 

          styrke og step er veldig artige treningsformer 

        - Spelar fortsatt handball på Ål sitt damelag

 

Sitat frå forelesar på Norges Idrettshøgskole:
"Om du ikke setter av tid til å trene - må du senere sette av tid til sykdom"

Hovudmål for timane:

       ”Du bør ikkje føle du trene, men ha lyst til det!”



 


 Når du startar med trening, er det lurt å ha ein realistisk plan.

Har du aldri tid til trening? Når du aldri måla dine?
Kva er eigentleg måla dine? Er dei konkrete nok?


Årsaka til at du ikkje lykkast med livsstilsendringane dine, kan henge saman med planen du starta med - eller hadde du eigentleg ein plan?

 

 

3 forpliktande avtalar med deg sjølv!
1.Attraktivt: Du må føle målet du set deg som attraktivt; noko du verkeleg har lyst å få til, slik at du ikkje mistar motivasjonen undervegs.

 

2.Målbart: Målet ditt må vera av ein målbar karakter. Altså ikkje "eg skal bli i betre form", men "eg skal kunne jogge 5km på 40 minutt innan 1/1-2014".

3.Realistisk:Målet må vera realistisk både mht din fysiske karakter og tid. Du bør tidsbegrense målet ditt, slik at du ikkje kan skyve det framfor deg. Til dømes: innan nyttår skal du klare å  springe samanhengande i 30 minutt utan å stoppe. Deretter må strategien bli lagt; Korleis skal du koma frå A til B - eller: Korleis skal du nå målet ditt utfrå kor du er i dag?
Einpersonlegtrenar kan hjelpe deg med å nå måla dine. 


Kvifor personleg trenar?
Tren rett - yt meir - lagar treningsopplegg som passar deg!

 

PT i gruppeer eittilbod for deg som ynskjer tett oppfølging saman med andre. Gruppa består av 3 – 6 personar som trenarsaman med einpersonlegtrenar til avtalte tider. PT tilpassar treningsopplegget individuelt til alle i gruppa og sørger for at alle får optimal trening. Alle uansett alder og form kan trene med PT. For PT i gruppe, anbefalarme at: personar med omtrent same målsetning og/ eller som kjenner kvarandre går saman i gruppa.

 

 

 

 

 

 

 

Instruktørane

 

          Berit Haugo               Agnete B. Sataslåtten         Heidi K. Ruud

    Hilde Sørlie Fjellhøi           Karl Fredrik Sjørlie        Maria Hole Dokken

   Rannveig Øygardslia          Tone Gåsbakk                Sigrun Jorde
         

           Guro Holvik             Stina Gunhildgard      Anne Berit Gudbrandsgard

 
          Gunnar Haugo         Audun Vestenfor                   Håvard Tveito

          Ellen Wibe                      Hilde N. Franzen         Camilla S. Joranger



Medlemskontrakt

 

Ø Medlemmet er sjølv ansvarleg for at ho/han er helsemessig skikka til å vera med på det Sportakus tilbyr.

Ø All trening skjer på eige ansvar. Sportakus fråskriv seg alt ansvar på tap av verdigjenstand og personskade som oppstår under medlemmet sitt opphald i gymsalen. T.d tap og skadar på personlege kle og eigendelar.

Ø Om ein instruktør ikkje kan møte på ein time – kan timen bli utsett /ein   annan instruktør køyrer ein anna time / eller de må ta drop-in på andre timar.

Ø Kun innesko i treningslokala.

Ø For å kunne trene hjå Sportakus – gruppetreningstimar - må ein foreldra melde deg på om du er under 18 år. Medlemskontrakta må vera signert av foreldre / foresatte over 18 år.

Ø Det er bindande påmelding pga me må ha oversikt over kor mange timar me skal setje opp - kor mange timar me skal leige gymsal og kor mange timar me treng instruktørar.

Om du av helsemessig årsak - plutseleg ikkje kan vera med på din faste oppsette time - kan du bytte time - eller gjera avtale der ein annan person overtek timen din.
Melder du deg på, må du betale fullt beløp for timane du har meldt deg på. Håpar de har forståing for dette.

Betalingsfrist = i løpet av første treningsveka i kurset.
Kontonr: 2320 15 90787.
Ved for sein betaling – kjem eit gebyr på 200 kr.


Ø Om du ikkje kan på timen du er oppsett på – sei i frå seinast dagen før. Då kan du setja deg opp på ein drop- in time utan å betale for den. OBS! Det kan vera fullt!
Om du ikkje seier frå at du ikkje kan på din oppsette time – så får du ikkje teke timen att – då tel det som møtt.


            De må "bruke opp" timane de har betalt for før kursa er ferdig – 
            og nye kurs startar.
            Er kurset på 15 veker – må timane brukast opp før dei 15 vekene     
            er ferdige.

              Medlemmet har sjølv ansvar for å halde seg oppdatert på nettsida


                          www.sportakus.no

                                             Her blir viktig informasjon lagt ut.


Namn_____________________________________________________________________


Adr________________________________Postnr:_______________Fødselsdato:___________

Mob:______________________ E-mail_________________________


Eg har lest, forstått og godkjent innhaldet i denne kontrakta.
Avtala gjeld så lenge eg er medlem av Sportakus.



Dato:______________Underskrift:_______________________________________________

 

 

 

 

      Velkommen på trening!

                                       www.sportakus.no

 

 

Velkommen til
SPORTAKUS
- trening for alle -


Ål
i Hallingdal