Zumba

                                            Sommartrening 
                                               i Hallingdal feriepark

                                                24.juni -18.august 2013 
          

  

Kristel frå Gol sertifisert Zumbainstruktør har Zumbatimane i Hallingdal feriepark.
Berre å slenge seg med når du er på Ål.
Me veit mange kjem og går pga ferie, og legg opp program deretter.
Pris og timeplan finn du under sidene: pris & timeplan.

 

 

Bileta over er frå sommartrening i Hallingdal feriepark 24.juni.

 

 

Zumba Fitness® vart funne opp på midten av 1990-talet av søramerikanaren Alberto “Beto” Perez, treningsinstruktør for kjendisane og koreograf for internasjonale super-pop-stjerner.

Med inspirasjon frå den tradisjonelle musikken cumbia, salsa, samba og merengue som han vokste opp med, kombinerte Beto dei pulserande latinorytmene han likte best, med dei hotte internasjonale dansetrinna som kundane han hadde elska; Zumba Fitness® var født!

Etter at Beto viste  Zumba Fitness® til USA i 1999, har den blitt ein av dei dansebaserte treningsformene som har utvikla seg raskast. Folk i alle aldrar likar den fengande musikken, dei lettlærte dansetrinna og dei synlege fysiske resultata. 
sjå video HER!
                        

 

      
      

Linedance

                                                      

Linedance nybyrjar er ein danseform som har blitt meir og meir populær i Norge. Ein av grunnane til dette er at den passar for alle uansett alder, kjønn eller kroppsbygning. Som namnet seier: Linedance blir dansa på rad og rekke eller i andre formasjonar, så du treng ingen dansepartner for å bli med. Linedance blir dansa til koreograferte trinnkombinasjonar. I dag blir Linedance dansa til nesten all type musikk : country, rock og swing til mambo og cha cha. Timen ein nybyrjartime der me går gjennom trinna nøye.

Er du glad i å danse og likar musikk med fart i? Då er Linedance noko for deg!

Linedance stammar frå Countryen sitt heimland USA, men det var opprinneleg folk frå Irland og Storbritania som tok med seg danseformen  då dei utvandra til Amerika. Dei som har sett Linedance kan lett forstå at dansen byggjer på tradisjonane til Irsk folkedans. Den største utviklinga har skjedd i country & western miljøet, og derfor namnet "Country Line Dance".

Dei siste åra har Linedance vokst stort over heile verda, og med populariteten har også profesjonelle dansarar sett sitt snitt til å introdusere komponentar frå andre stilartar som Waltz, Cha Cha osv. I dag er Linedance sett på som ein seriøs dansestil, og det blir konkurrert både nasjonalt og intertnasjonalt.

 

                                 Velkommen på trening!                                                 

                                                                            www.sportakus.no

 

 

 

 

 

Velkommen til
SPORTAKUS
- trening for alle -


Ål
i Hallingdal