Bilete frå sommartrening 2013 
                               

Nytt



Det blir sett opp to xtratimar
Måndag kl 10.00-11.00   Spinning/styrke 4x4 intervall   m/utan barn

Oppstart: veke 38, 16.september t.o.m  veke 50, 9.desember.
Pris: 13 veker= 1100 kr  
Instr. Camilla Svanaasen


Måndag kl 20.10-21.10   Spinning/styrke 4x4 intervall
Oppstart: veke 40, 30.september t.o.m  veke 50, 9.desember.
Pris: 11 veker= 950 kr  
Instr. Gunnar Haugo / Stina Gunhildgard

Er du interessert i å vera med på desse timane, så ta kontakt!
Veit det er mange som er interessert i denne timen,
så lurt å melde seg på snarast råd.
plass til max 20 stk!


Ingen trening

Veke 38: 
Tysdag  17.september: ingen trening. Blir flytta til veke 40 same dag og tid.

Onsdag 18.september: ingen trening. Blir flytta til veke 40 same dag og tid.



Timeplan endeleg veke 34-49 

Nye kurs startar opp veke 34-49:  måndag  19.august.
Sjå sida: timeplan for meir info. No er timeplanen endeleg.
Me fyller opp timane, så er berre å melde seg på.

Nytt i veke34-49:
- Styrkesirkel
  Friskliv 2                        m/ Hilde N. Franzen
- Modernedrill 8-20 år                           m/ moderne musikk

- Dans  jazz, funk,hiphop, zumba m.m     m/ Rannveig Øygardslia

 

 

NYTT: Activio pulssystem

Sportakus har no kjøpt inn activio pulssystem-

genialt verktøy for både heilt utrente og godt trente!
Du ser din individuelle treningspuls, anonymt på skjerm bak instruktøren.
Spinningklassen følgjer ein bestemt løypeprofil, vist under klokkene
(sjå biletet)
der du ser kor lenge, og når du skal vera i dei ulike treningssonene i løpet av timen.
Pulssystemet blir også brukt på andre pulstimar. Meir info på sida: spinning



Betalingsfrist
Betalingsfrist er i løpet av første treningsveka - eller etter anna avtale.
Kontonr: 2320 15 90787
Det vil seie 1.september- for dei som startar i veke 34.
Om du vil ha giro - send mail til
stina@sportakus.no.
Hugs: merk betalinga med namn på deltakar - og ikkje sambuar...

 



Få arbeidsgivaren din til å subsidiere trening til ansatte
Aktivitet /trening er gevinst for både ansatte og bedrifta.
Berekningar viser at sjukefråvær kostar næringslivet i
gjennomsnitt 1700 kr pr tapt arbeidsdag eks.lønsutgifter.
Muskel - og skjelettlidingar er årsak til ca 45% av tapte årsverk. Kilde: NAV.

Kurs på Norges Idrettshøgskole
Då har fire av oss instruktørar vore på kurs på NIH i Oslo.
Veldig inspirerande, artig og lærerik helg.
Timar som kan bli "nye" etter jul:
- Basistrening 4x4 intervall
- Core
- Pilatesring
- Spinning/styrke 4x4 intervall
- ezyroller / spinning/styrke
- zumba30/step30




Sei frå om du ikkje kan på timen "din"
Om du ikkje kan ein gong på din faste time:
VELDIG VIKTIG at de seier frå på mail til meg -
ELLER ALLER HELST stryk deg sjølv frå din faste
plass på oppmøtelista i gangen til trening-
spesielt viktig å seie frå på spinningtimane.
Då kan andre ta drop-in på din time - og du på andre sin...

Er veldig bra at me har fått 12 mannfolk med på styrketimen
torsdag kl 18.45 - og ca like mange mannfolk med på spinning
torsdag kl 20!Så berre å få med fleire - både mannfolk og kvinnfolk
på måndag styrke og spinning!



Spinning året rundt på Ål




Hallingdølen torsdag 26.1: Sportakus treningsstudio på Ål driv
med innandørs sykling på lokale sykkelstigar rundt om i kommunen.

Sjå video her.


Bindande påmelding

Det er bindande påmelding pga me må ha oversikt over kor mange
timar me skal setje opp - kor mange timar me skal leige gymsal og
kor mange timar me treng instruktørar.

Om du av helsemessig årsak - plutseleg ikkje kan vera med på din faste
oppsette time - kan du bytte time - eller gjera avtale der ein annan person
overtek timen din. Melder du deg på, må du betale fullt beløp for timane du
har meldt deg på. Håpar de har forståing for dette.

Aldri for seint å starte  

Hugs - det er aldri for seint å starte - sjølv om det er midt i kursa. Om det er
plassar att, betaler du for gongene som er att... Send ein mail eller ring om
du er interessert.

 

 

 

 

  



 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 




 

publi.13.sept 2013
























publi.6.sept2013




























































































































publi.6.sept2013































































publi23.aug2013








 

 

 

 

 

 

 

 







 


 





















































 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 






 




 

 

 



 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

 

 

 

 

 

 



 

 

 

 

 

 

 

 

 


 


 


Step

Styrke med/utan barn

Zumba




All trening foregår på eige ansvar.
Sportakus kan ikkje haldast ansvarleg for eventuelle skader.

Velkommen på trening!

 

  stina@sportakus.no                               Mob: 90 13 53 57                          www.sportakus.no                 

 

Velkommen til
SPORTAKUS
- trening for alle -

 


Ål
i Hallingdal


 

 

 

 

 

 

Sportakus

Sportakus vart til i september 2009 - og har idag medlemmar frå 8 år til godt over 70 år. Treninga er for alle - uansett form, kjønn eller alder.

_________________________



Treninga er i gymsalen på Nedre - Ål skule
Gymsalen er nyoppussa og har nytt ventilasjonssystem.


 

 

Treninga er for alle
Stor/liten
Gamal/ung
Mann/dame
Godt trent/utrent

Påmelding til:
stina@sportakus.no
Mob: 90 13 53 57

 

 

 

 

Hallingdølen
26.januar 2012
:

Sportakus treningsstudio på Ål driv med innandørs sykling på lokale sykkelstigar rundt om i kommunen.
Sjå video her.


 

 

 

Inspirerande musikk
All trening foregår i gymsalen etter inspirerande musikk.