På denne sida finn du:
Core (kondisjon & styrke for kjærnemuskulatur)
Basistrening 4x4 intervall
Aktiv med barn
Ezyroller / styrke / Spinning
Kva er step?
Pulstime
Steptime
Basic step/styrke


 

Core ( kondisjon & styrke for spes. kjærnemuskl.)


Timen inneheld full pakke med kondisjon, styrke, balanse og bevegelighet med spesielt fokus på coremuskulaturen. Dette er eit fyrverkeri av ein time med høgt tempo,
fengande musikk, samtidig som den er enkel og følge. Timen er enkel og effektiv.
Lett å hoppe på midt i eit kurs.
Gjennom heile timen brukar me ei  stang og matte.

Timen er for både dei som vil hoppe og sprette: dei står fremst. Dei som ikkje vil hoppe står bakerst.
Instruktør viser begge delane.
Ta ein prøvetime - og sjå om du likar det!


Core - kondisjondel

 

Core - styrkedel



 

Basistrening 4x4 intervall

Basistrening: fokus på styrke, utholdenhet, balanse, stabilitet og mobilitet. Generell basistrening -4x4 er effektivt og har fokus på høg puls. 4x4 intervall passer for deg som som vil trene hardt og effektivt. Oppvarming, deretter 4 min hard jobb, 4 min “pause”, 4 min hard jobb, 4 min “pause” x 4 , uttøying. Øvingar kan vera springe/gå fort frå kjegle til kjegle sikk-sakk,
hoppe frå side til side (skøyteløper), hoppe opp og ned på stepkasse... God "gammaldags" kodisjonstrening, der det også blir lagt inn styrkeøvingar.


 

Aktiv med barn

Ein vaksen + eitt barn=ein plass. Mål: mest mogleg aktivitet for store og små der me leikar og har det moro! Aktivitetar kan vera at den vaksne dreg eit barn på ei matte over gymsalen – hentar max to klossar pr tur – spring/går tilbake og byggjer høgast mogleg tårn på andre sida av gymsalen. Hinderløyper... Fin time for Gommo/Goffa/ mor/far med barn/barnebarn ca 2-6 år.


Ezyroller/styrke /spinning

Her er det tre stasjonar der ein er 5 min pr plass før du rullerar.
stasjon 1:  ezyrollerinnebandy = innebandy m/”syklane”: 5 mot 5 på banen 
Stasjon 2: styrke på sena
stasjon 3: spinning i gangen/gymsalen

Først oppvarming ca 10 min ,så 3 rundar med intervall på 5 min, deretter uttøying.
For alle uansett form kjønn eller alder. Her stiller alle på lik linje med ezyrollersyklane.
Ezyrollersyklane tålar vekt opptil 130 kg og dette er "syklar" til vaksne med lenger stang mellom beina, enn vist på biletet. Ein brukar bein og mage til framdrift.
Ein artig og variert time for begge kjønn og alle aldrar. 
Godt trente og utrente trenar saman og alle stiller på lik linje! 




Puls & Step

                                                 
                                    

 


Kva er step?


Step er ein dynamisk treningsform der ein går opp og ned på ein regulèrbar plattform (ein Step) til musikk.
Programmet inneheld ulike step-trinn, samt armrørsler. Stepkassa har tre ulike høgder. 
 

Den største fordelen med Step-trening er at det gir stor kondisjonseffekt, men låg belastning på sener, musklar og ledd.

  Det er vist at belastningen på beina under step-trening er tilsvarande den ein har     
  ved gange i ein hastighet av 5 km i timen. 

 

 

Pulstimen

Varierar mellom å bruke step, airstep, aerobic, spinning og dans 45 min.
Mål: få opp pulsen.  Styrke 15 min for kjernemuskulatur -mage / rygg.
For alle – ta dei pausene du vil. Enkle trinn og rørsler. 

 

Steptimen

30 min med enkle trinn på step + 30min med styrketrening på matte - kjernemuskulatur mage/rygg - fokus overkropp. Timen er for alle!

Basic step/styrke

30min med enkle basictrinn på step + 30 min med styrketrening -matteøvingar.
Timen er for alle! 


 

    
                                                                       Instruktørar:
                                                     Tone Gåsbakk
-                                            - utdanna zumbainstruktør -

                                                         Agnete Berg Sataslåtten
                                                    
- Markedssjef - 
     
                                                
Stina Gunhildgard
                                   
- Personleg trenar & allmennlærar - 

      - Agnete B. Sataslåtten-                       - Tone Gåsbakk-                          - Stina Gunhildgard-

 

     

                           Velkommen på trening!

                                  www.sportakus.no

 

 

 

 

Velkommen til
SPORTAKUS
- trening for alle -


Ål
i Hallingdal